menighet
Tilgjengelighetserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

PÃ¥meldingar
Velg din menighet

KALENDER

Gursken kyrkje
Gursken kyrkje
søndag 4 august
Gursken kyrkje
søndag 11 august
Sande kyrkje
søndag 25 august
Larsnes kyrkje
søndag 1 september
Kvamsøy Kapell
søndag 29 september
Sande kyrkje
søndag 20 oktober
Sande kyrkje
onsdag 18 desember
Larsnes kyrkje
tirsdag 24 desember
Larsnes kyrkje

Nyheter

Helgemesse, gravminne og lystenning

Tradisjonen med å tenne gravlykter i samband med Helgemessesundag, har djupe røter og praksis i den kristne trua her i Noreg. 

Helgemessesundag vert vanlegvis markert den 1. november i den vestlege kyrkja. Men fordi det ikkje alltid er ein fridag, feirar Den norske kyrkja den på første sundag i november. Dagen har sitt opphavlege føremål, å minnast alle helgenar, både dei kjende og dei ukjende, som har gått føre oss i trua. Men for folk flest har denne dagen først og fremst blitt dagen der vi minnast og ærar våre kjære som har gått bort.

 

I denne tradisjonen har lyset ein sentral plass. Mange kyrkjer og gravplassar har ein praksis med å tenne gravlykter på Helgemessesundag for å minnast dei som har gått bort. I våre kyrkjer markerast dagen ofte som ein minnedag. Her blir namna til alle dei som er gravlagde det siste året, lese opp, og eitt lys tennast for kvar av dei. Denne tradisjonen er ein vakker måte å minnast våre avdøde på og vise dei respekt og vørdnad. Lyset symboliserer også trua på at lyset har overvunne mørket og at dei avdøde er omfamna av Guds lys og nærvær fram til oppstodedagen.

 

Lyset vert ikkje berre tent inne i kyrkja, men stadig oftare også på gravene. Lystenning på gravene har dermed blitt ein viktig del av minnemarkeringa og ei måte for folk å uttrykkje sorg og sakn, samtidig som dei viser vørdnad og respekt for sine kjære. Lystenning på gravene er ein visuell og symbolsk måte å gjere dette på. Sjølv om praksisen ikkje er ny, har ho fått auka popularitet og merksemd dei siste åra, hovudsakleg grunna auka kulturelt mangfald og påverknad frå ulike kulturar og trusretningar. Dette har ført til at tidlegare tradisjonar og skikkar, knytt til lystenning på gravene, har blitt enda meir synlege og aksepterte.

 

Vi i kyrkja er svært glade for denne tradisjonen og set stor pris på alle som tek turen til gravene, både for å stelle dei for vinteren og kanskje tenne eit lys. Det å gå til gravplassen og sjå alle dei hundrevis av lysa som lyser mot oss, vitnar om at det er mange som blir sakna og som har etterlate seg mykje kjærleik og varme.

 

Samtidig er det også mange graver som ikkje lenger får nokon særskild merksemd. Årsakene til dette kan vere mangfaldige: Det er ingen nær familie som lenger bur på staden. Kanskje er det ingen nær familie att til å stelle grava, og etter kvart som åra går, blir grava sjeldnare besøkt. Kva gjer vi med desse gravene? Dei har sjølvsagt historisk verdi, og det er særleg hyggeleg når tippoldebarn kanskje kjem og finn sine gamle slektningar som ligg gravlagde på gravplassen. Anten du er ein som regelmessig kjem for å stelle ei grav, tenne eit lys og ha ein stad å gå til, eller du er ein som er glad og takksam for at ein gamal grav står der og ikkje slettast, vil vi gjerne vite meir om deg på kyrkjekontoret i Sande.

 

Fleire av våre gravplassar byrjar å bli fulle, og for framtida treng vi nye gravstader. Ein gamal grav kan nyttast på nytt, men ikkje før etter ei viss tid, så lenge det ikkje då er snakk om ei urnenedsetjing. Ein gamal grav kan romme så mange som åtte urner om det er ønskjeleg. Dersom vi får frigjorde gamle gravminne, som ingen lenger ynskjer å ta noko ansvar for, som ikkje lenger vert stelte eller kor det kanskje ikkje lenger vert tent noko lys, vil grava kunne nyttast på nytt av nye generasjonar.

 

Praksisen med å fjerne eit gravminne og ein gravstein frå ein gravstad blir gjort av ulike årsaker, og kan variere frå stad til stad. Det er fleire grunnar til å gjere det. Kvar grav har ei tidsavgrensing på kor lenge ho kan oppretthaldast. Etter utløpet av denne perioden kan gravminne fjernast for å gje plass til nye graver. Ein måte å behalde grava i familien, er å ta ut eit feste og betale festeavgift. Då er ein sikra eigedomsrett til ei bestemt grav på gravplassen, for ei avgrensa tidsperiode. Dette tyder at det er ein mellombels leigerett til plassen. Målet med denne avgifta er ofte å bidra til vedlikehald og drift av gravplassen, inkludert infrastruktur og andre tenester. Dersom ei grav eller eit gravminne ikkje blir vedlikehalde eller blir forsømt over lang tid, kan gravplassmyndigheitene eller eigarane av gravstaden vurdere å fjerne det for å opne plass for nye graver.

 

Vi veit at fjerning av gravstader er ei kjenslesak, då det involverer minnet om avdøde og kan påverke familiane og dei etterlete sterkt. No er heldigvis fjerning av gravstader underlagt strenge lover og reglar i vårt land.

 

Vi på kyrkjekontoret i Sande har eit stort ynskje om å kome i kontakt med deg, som kanskje vurdere å slette eit gamalt gravminne eller som tvert imot ynskjer å stå som fester for dei gravstadene du ønskjer å behalde og ta vare på. Er eit gravminne over 20 år, og du ynskjer å stå som ansvarleg fester for gravstaden, eller har eit ynskje om å fjerne eit gamalt gravminne, for å opne plass for nye graver, vil vi svært gjerne at du tek kontakt med oss på kyrkjekontoret, slik at vi veit om deg og dine ynskjer.

 

Vi er allereie langt inn i hausten. Vinterfrosten har allereie satt sine første spor. I det vintermørket legg sitt teppe over oss, går vi snart til gravplassen for å minnast og tenne våre gravlykter og lys. Helgemessesundag gir oss ein stor sjanse til å kome saman som folk og bygd, vise omsorg og takksemd for alle dei som har forlate oss, og ikkje minst minne oss om kor viktig det er å halde varmen levande i våre hjarte, sjølv når vinterkulda tek til. Som prest i bygdene her på Søre Sunnmøre, ynskjer eg dykk alle saman hjarteleg velkomne til ein av dei mange gudstenestene som vert feira nettopp denne dagen rundt omkring her på Møre. Lat oss halde fast ved denne vakre tradisjonen, kor vi let lysa som brenn på gravene minne oss om at kjærleiken aldri sloknar. Vi er takknemlege for den forbindelsen vi deler, og for kvar gong eit lys brenn og minner oss om at kjærleiken varer evig, uansett årstid.

 

Mvh

 

Ola Døhl

Publisert av: Kyrkjekontoret den 03-11-2023
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Lenker

Kontaktinfo

Sande kyrkjekontor
Dalen 40
6084 Larsnes

dnksande@sande.kommune.no

Tlf: 700 26 480

 

Telefonen er open
tysdag, onsdag og torsdag
frå kl. 10.00 til kl. 14.00.

Våre VIPPSnr:

Sande kyrkjelege fellesråd
#511 628

Sande kyrkje/sokn
#526 929

Gursken kyrkje
#526 928

Larsnes kyrkje
#526 927