menighet
Tilgjengelighetserklæring

Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under

Les tilgjengelighetserklæringen
Meny

PÃ¥meldingar
Velg din menighet

KALENDER

Gursken kyrkje
Gursken kyrkje
søndag 4 august
Gursken kyrkje
søndag 11 august
Sande kyrkje
søndag 25 august
Larsnes kyrkje
søndag 1 september
Kvamsøy Kapell
søndag 29 september
Sande kyrkje
søndag 20 oktober
Sande kyrkje
onsdag 18 desember
Larsnes kyrkje
tirsdag 24 desember
Larsnes kyrkje

Nyheter

Hausttakkefest

Vi er så heldige!


Bilde frå gudste
Klokka 10 i dag opna dørene til Larsnes kyrkje.
Vi var veldig spente på kor mange av dei nitten døypte fireåringane våre som kom for å feire hausttakkefest saman med oss. Vi har nemleg erfart at det er fireåringane som er dei aller beste å feire slike dagar saman med.
 
Den eine etter den andre spente og litt sjenerte fireåringen kom inn døra, og vi kunne telle heile seksten av dei til slutt. Det er heilt fantastisk!
 
Etter både korøving, orgelståk, klokkeringing og lystenning var det berre presten som mangla før alt var klart til gudsteneste. Vi fann Ola på kontoret, men han såg ikkje akkurat ut som ein prest. Det tok heldigvis ikkje lange tida før han fekk på seg både alba og stolaen, så då kunne fireåringane klappe seg på skuldra og slappe av, for no var alt og alle klare.
 
Nydlege barnehender bar inn både frukt, grønsaker og bakst i prosesjonen, og etter samlingabøna fekk ein sjå og høyre Fireårs-koret.

Ein fantastisk fin gjeng fekk utdelt fireårsbok, og etter ei lang gudsteneste gjorde det godt med kyrkjesaft og kyrkjemat.

Vi er takksame for at så mange kom til kyrkja vår i dag, vi hadde det faktisk så kjekt at vi gløymde å ta bilete. Men kva gjer det, når trusopplæraren vår får slike flotte teikningar frå takksame og snilde fireåringar?

Til vi møtast igjen…

 

 

Men heilt til slutt så lurer vi på, er det fleire enn fireåringane som synast det er rart at presten vår har bukse, og ikkje strømpebukse under prestekjolen?


Publisert av: Kyrkjekontoret den 02-10-2023
Den Norske Kyrkja

Søk i kirken.no:

  
Lenker

Kontaktinfo

Sande kyrkjekontor
Dalen 40
6084 Larsnes

dnksande@sande.kommune.no

Tlf: 700 26 480

 

Telefonen er open
tysdag, onsdag og torsdag
frå kl. 10.00 til kl. 14.00.

Våre VIPPSnr:

Sande kyrkjelege fellesråd
#511 628

Sande kyrkje/sokn
#526 929

Gursken kyrkje
#526 928

Larsnes kyrkje
#526 927