Alle nettsider krever nå en tilgjengelighetserklæring. Denne kan du lese ved å klikke på linken under
Les tilgjengelighetserklæringenNyheter
Festeavgift for avsette graver er sendt ut
Det er sendt ut krav på festeavgift til dei som i våre register er ført som festar på dei nemnde gravene.
Om det er andre som skal ha dette ansvaret ber vi om at de fyller ut skrivet «Overføring av festeansvar», som de finn under fana, Gravstad.
Det er også høve til å be om «Sletting av grav», evt i kombinasjon med «Symbolsk flytting av namn» slik at ein samlar fleire namn på same gravstein.
Om de er fleire som skal dele på festeutgiftene ber vi om at de ordnar dette internt i familien – vi har ikkje høve til å splitte opp kravet på fleire mottakarar.
Festeavgift er ei avgift hjemla i gravplassloven §14. Fellesrådet har vedteke at satsen for festeavgift er kr 250 per grav per år. Avgifta vert kravd inn for 5 år.
Det er 20 års fri grav før ein kan krevje slik avgift, men for reserverte graver kan ein krevje avgift frå gravstaden (dobbeltgrava) blir teken i bruk.
I denne omgang krev vi inn festeavgift for alle reserverte graver, gjeldande for perioden 2024-2028.
Festeavgift er ei inntekt som kjem lokalkyrkja til gode, og bidreg slik til at vi kan halde oppe det gode arbeidet vi driv i sokna og kyrkjelydane våre.
Spørsmål kan rettast til kyrkjekontoret i Sande i kontortida tysdag, onsdag og torsdag kl 1000 – 1400, telefonnr 700 26 480.
Olav Myklebust, kyrkjeverje
Publisert av: Kyrkjekontoret den 31-10-2024 |