Velg din menighet
Gursken
Sande
 

Opning av kyrkjene i Sande

Opne kyrkjer i Sande
Det har vore ei lang tid utan å kunne samlast til gudstenester, men no kan vi endeleg seie velkomen!

Vi har rett nok  hatt opne kyrkjedører til gravferder og dåpsgudstenester og ikkje minst til stille kveldstimar med lystenning og orgelmusikk. Men på komande søndag er det tid for vanlege gudstenester framover, og først ute er Larsnes kyrkje.

Mykje i samfunnet vårt er enno sterkt prega av smitteverntiltak, og slik vert det også når vi samlast til gudstenester. Det vert viktig med reinhald og avstand og det er begrensa kor mange som kan vere i kyrkjene. Ved inngangen vil vi måtte registrere namn og telefonnummer til dei som kjem for å kunne spore eventuell smitte. Desse opplysningane vert makulerte etter 10 dagar. Og inne i kyrkjene vert det markert kvar vi kan sitte. Så i beste / verste fall kan ein risikere å måtte snu i døra på grunn av plassmangel. Vi håper at dette ikkje gjer at nokon kvir seg for å kome  til kyrkjene, til vanleg er der god plass... Nokre stadar har dei påmelding til gudstenester, men førebels prøver vi i Sande-kyrkjene å ha open tilgang.

Også når det gjeld nattverdfeiring vert det litt nye rutiner, men det meste vert som før og det vert god orientering om dette og alt anna når vi samlast. Vi håper at ikkje alt dette litt uvanlege rundt gudstenestene våre tek bort gleda over å kunne få møtast og kjenne kor god denne fellesskapen er i desse framleis litt krevjande tidene.

Oversikt over gudstenestene frammover finn du i marken på heimesida.

Velkomen til gudstenester!
Sigmund Bjerkvik  

  
Av: Kyrkjekontoret   Publisert: 19.05.2020
 
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Linkar
»
»
»
»
Kontaktinfo

Sande kyrkjekontor
Dalen 40
6084 Larsnes

dnksande@sande-mr.kommune.no

Tlf: 700 26480

Opningstider:
tysdag, onsdag og torsdag kl. 10.00-15.00 

Størst av alt
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Kyrkjene i Sande. Powered by KWeb fra kirkedata.no