Velg din menighet
Gursken
Sande
KALENDER
25 Oktober
11:00 Gudsteneste, Gursken kyrkje
31 Oktober
17:00 Gudsteneste, Larsnes kyrkje
01 November
11:00 Gudsteneste, Gursken kyrkje
17:00 Gudsteneste, Sande kyrkje
08 November
11:00 Gudsteneste, Kvamsøy Kapell

 

Ei helsing frå Soknepresten

Sande-kyrkjene i desse tider

Det er uvanlege og krevjande tider over alt no, i heimane og på mange arbeidsplassar. Og også for oss i kyrkja. All aktivitet er stoppa, og berre ved gravferder og dåpshandlingar kan vi opne kyrkjene for inntil 15 personar.

Men kyrkja ynskjer likevel å leve litt med folket i denne tida, dele uro og usikkerheit. Nokre kjenner kanskje behov for kontakt og nokon å prate litt med samstundes som vi no er pålagde å halde avstand. Soknepresten er tilgjengeleg for ein telefonsamtale om nokon ynskjer det. 
Når som helst er han tilgjengeleg på telefon 95 78 02 76.

Og no når kyrkjene er stengde, vert det heller ikkje gudstenester i næraste framtid. Men kvar «raud dag» vil soknepresten eller ein annan vere til stades i ei kyrkje, åleine på føremiddag, og gjere det vi seier i kvar gudsteneste: Lat oss be for kyrkja og verda. Lystenning og bøn for bygda og landet, der vi legg denne vanskelege og krevjande tida vi alle opplever, fram for Gud i stillheit og ettertanke.

Slik vil vi leve litt med kvarandre og hugse på kvarandre i tida framover.

22.03 i Larsnes kyrkje - Soknepresten,
29.03 i Gursken kyrkje - Soknepresten,
Palmesøndag i Larsnes kyrkje - Soknepresten
Skjærtorsdag på Nova - Anne Marit,
Påskedag i Sande kyrkje - Inghild og
2.påskedag i Gursken kyrkje - Soknepresten.


  
Av: Kyrkjekontoret   Publisert: 19.03.2020
 
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Linkar
»
»
»
»
Kontaktinfo

Sande kyrkjekontor
Dalen 40
6084 Larsnes

dnksande@sande-mr.kommune.no

Tlf: 700 26480

Opningstider:
tysdag, onsdag og torsdag kl. 10.00-15.00 

Størst av alt
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Kyrkjene i Sande. Powered by KWeb fra kirkedata.no