Velg din menighet
Gursken
Sande
KALENDER
08 April
11:00 Gudsteneste i Øya, Sandetun
19:00 Gudsteneste, Sande kyrkje
09 April
11:00 Gudsteneste, Kvamsøy Kapell
19:00 Gudsteneste, Gursken kyrkje
12 April
11:00 Gudsteneste, Sande kyrkje
20:00 Gudsteneste, Larsnes kyrkje
13 April
11:00 Gudsteneste, Gursken kyrkje
02 Mai
11:00 Konfirmasjonsgudsteneste, Larsnes kyrkje
13:00 Konfirmasjonsgudsteneste, Gursken kyrkje
09 Mai
11:00 Konfirmasjonsgudsteneste, Sande kyrkje

 

Konfirmantspelet, PÅ VEG 2018

Sidan september 2017 har heile 34 konfirmantar vore på veg. Ein veg som langt nær er ferdig, men vi håpar og trur at dei etter konfirmanttida har eit solid fundament for vidare vegbygging.

PÅ VEG, var temaet for konfirmantspelet også i år. Gjennom ord og tonar formidla konfirmantane den reisa dei har vore gjennom dette året. Nokre av songane var nye av året, medan andre har vore med kvart år sidan Sigmund prest starta med slike musikkspel. Ein av dei er, Kyrie av Bjørn Eidsvåg. Der vart også publikum inviterte til å synge, og då ljoma det godt under kyrkjetaket.

Mot slutten av spelet stod konfirmantane i koret med kvite kapper medan dei fekk nokre gode og avsluttande ord frå Sigmund. Så, sende han dei ut som ferdige konfirmantar, i kvite kapper, klare for den store konfirmasjonsdagen til teksta: Må din veg kome deg i møte - vinden alltid være bak din rygg - sol og lys leike på ditt kinn - regnet falle venleg på di jord - og må Guds gode hand verne om deg - til vi møtest igjen!

Takk til det trufaste bandet, og takk til konfirmantane for eit flott konfirmantspel og eit supert konfirmantår!

Vi vil også rette ein stor takk til dei superflotte konfirmantleiarane som heilt frivillig har brukt fritida si på konfirmantane. Dei er heilt unike!

  
Av: Kyrkjekontoret   Publisert: 03.05.2018
 
Den Norske Kyrkja
Søk i kirken.no:
  
Linkar
»
»
»
»
Kontaktinfo

Sande kyrkjekontor
Dalen 40
6084 Larsnes

dnksande@sande-mr.kommune.no

Tlf: 700 26480

Opningstider:
Tysdag, onsdag og torsdag kl. 10.00-15.00 

Størst av alt
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Kyrkjene i Sande. Powered by KWeb fra kirkedata.no