Velg din menighet
Gursken
Sande
KALENDER
29 Oktober
11:00 Gudsteneste, Larsnes Kyrkje
05 November
11:00 Gudsteneste, Sande Kyrkje
18:00 Gudsteneste, Gursken Kyrkje
12 November
11:00 Gudsteneste, Kvamsøy Kapell
16:00 Gudsteneste, Larsnes Kyrkje
26 November
11:00 Gudsteneste, Gursken Kyrkje

 

Stilling Sande kyrkjelege fellesråd

TRUSOPPLÆRAR / KYRKJELYDSPEDAGOG

 

Sande kyrkjelege fellesråd har ledig fast stilling som trusopplærar / kyrkjelydspedagog i 50 % stilling frå 01.01.2017.

 

Arbeidsstad: Kyrkjekontoret ved Larsnes kyrkje, 6084 Larsnes

 

Arbeidsoppgåver

  • Leie trusopplæringa med visjonen

 « Inn i trua – ut i livet « for dei to sokna.

  • Vidareutvikle og drive trusopplæring etter trusopplæringsplanen for alle døypte frå

 0 – 18 år i kyrkjelydane.

  • Trusopplæringa skjer med forankring i kyrkjelydane sine eksisterande aktivitetar og i nært samarbeid med andre tilsette og frivillige.
  • Planlegge, promotere, gjennomføre og evaluere trusopplæringstiltak.
  • Leie Trusopplæringsutvalet.
  • Ha aktiv kommunikasjon med sokneråda og andre råd / utval, samt rekruttere og rettleie frivillige medarbeidarar.
  • Administrator av heimeside og facebook.

 

Kvalifikasjoner

  • Relevant utdanning med pedagogikk og kristendom i fagkretsen

 og / eller anna relevant utdanning

  • Personlege eigenskapar og relevant erfaring kan erstatte manglande utdanning
  • Erfaring med planarbeid og undervisning er ynskjeleg

I tillegg ynskjer vi at trusopplærar / kyrkjelydspedagog er:

  • Kontaktskapande med evne og vilje til å skape godt samarbeid mellom heim og kyrkje
  • Glad i å arbeide med barn og ungdom.
  • Flink å formidle
  • Ein god motivator som brenn for barn og Jesus
  • Glad i song og musikk
  • Erfaren i bruk av IKT – verkty og med god kjennskap til bruk av sosiale media.

Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkje. Det vert lagt vekt på personlige eigenskapar og evne til samarbeid.

Søkjar må også kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg.

Søkjar må ha sertifikat og disponere bil.

Løn og godtgjering etter gjeldande tariffavtale. Pensjonsordning i KLP.

 

Nærmare opplysningar om stillinga kan fåast ved å kontakte kyrkjekontoret på  tlf. 700 26 480

 

Søknad vedlagt attester og vitnemål sendast:

Sande Kyrkjelege fellesråd, 6084 Larsnes  

Evnt. dnksande@sande-mr.kommune.no

 

Søknadsfrist : 20.11.2016

 

  
Av: Annbjørg Rovde Frågodt   Publisert: 27.10.2016
 
Linkar
»
»
»
»
Kontaktinfo

Sande kyrkjekontor
Dalen
6084 Larsnes

dnksande@sande-mr.kommune.no

Tlf: 70026480/94899874

Opningstider:
Tysdag - Fredag 9-15 

Størst av alt
Kundepålogging

Brukarnamn:

Passord:

Copyright © 2015 Kyrkjene i Sande. Powered by KWeb fra kirkedata.no